Fjord-O 2020
Orientering med utsikt til fjorden
Det nærmar seg!

Det er ope og kupert landskap der løpa går på Ramsdalsheia i gamle Naustdal og Flora kommune. No Sunnfjord og Kinn kommune.

Fjord-O 2020 nærmar seg! Snart berre ei vek att til fyrste løpet, onsdag den 22.juli. Med fyrste start kl.13.00. Det vert lagt ut meir informasjon om gjennomføringa seinast onsdag denne veka. Då kjem startlistene, startpuljer og kartskisser for parkering for løpa til Tamarskjelvar på Ramsdalsheia. Alle kart er under trykking og alle løyper er kontrollerte. 

Bileta er frå området der løpa til Tambarskjelvar på Ramsdalsheia i Kinn og Sunnfjord kommune går! Personane er løypeleggar Norvald Ospehaug til høgre og startsjefen på alle løpa Harald Hjellbrekke.

Sponsorar

Liste over sponsorar