Fjord-O 2020
Orientering med utsikt til fjorden
Oppdatert informasjon om Fjord-O 2020

Ny med PM med oppdatert informasjon er no lagt ut her på heimesida, på facebook og på eventor. Oppdatering er markert med raudt i PM. Dei viktigaste er:

Løype 12, 13 og 14 - Nybyrjarløypene:
Vert lagt ut som PDF på Eventor seinast dagen før løpet. Kartet vert delt ut i startområdet før start. 

Løype 11; D/H 11-12 og D/H C-open 10-16:
Vert lagt ut som PDF på Eventor seinast dagen før løpet. Kartet vert delt ut i startområdet før start. 

Skygge:
Person som skal vere skygge til annan løpar, og som ikkje skal delta sjølv i løpet, må registrere seg med namn før løpet. Send epost med namn på skygge til torodd.os@enivest.net. Hugs også namn på løpar og kva klubb det gjeld. Send innan 15.7.

Smittevernansvarleg:
Løp 1 og 2: Yngve Årdal tlf. 911 49 805
Løp 3 og 4: Jan Herstad tlf. 975 83 200 

Jury:
TD Edvin Helle leiar juryens arbeid - utan stemmerett.
Jurymedlemmer:
Øyvind Stene, Asker Skiklubb
Kari Strande, Ringerike O-lag
Ivar Bergset, IL Veten

---------------------------------------------------------------------------
Oppdatering som kjem:
- Startlister for dei ulike dagane.

Løp 1 og 2:
- Køyremønster til parkering. To ulike p-område. Eit for startpulje 1 og 3, og eit for startpulje 2 og 4.
- Skisse over parkering, veg til start og mål-område

Løp 3 og 4:
- Skisse over parkering, veg til start og mål-område

Oppdatert informasjon

Sponsorar

Liste over sponsorar